Ingen skadd i bustadbrann

Alle kom seg uskadde ut då det tidleg laurdag kveld begynte å brenna i ein fritidsbustad på Strondavegen i Etne kommune. Brannvesenet rykte ut frå Skånevik då det like før kl. 19.00 blei kom inn melding om røykutvikling i eit hus. Sør-Vest politidistrikt melder at alle i bustaden skal ha kome seg ut og at ingen er skadde. Mannskapet melder frå staden om at brannen er sløkt.