Politiet fekk i 15.30-tida melding om ei trafikkulykke på E134 like aust for Ølen sentrum. Bilen hadde køyrt av vegen og blei liggande på eit jorde. Naudetane rykte ut til staden. Det viste seg at føraren som var åleine i bilen, kom frå utforkøyringa med lettare skade. Politiet etterforskar saka for å finna ut kva som var årsaka til ulykka, melder Sør-Vest politidistrikt.