Mange tatt med for høg fart

32 bøter er resultatet av to fartskontrollar i Grannar-distriktet tysdag og onsdag denne veka. I Vats fekk politiet det nokså travelt med å skriva ut førelegg då dei stilte seg opp i 60-sona i Øvre Vats tysdag. Frå klokka 10 til 13 vart det skrive ut til saman 26 forenkla førelegg. Sjåføren som tråkka hardast på gasspedalen vart målt til 82 kilometer i timen. Seint onsdag kveld, mellom kl. 21.05 og 23.20, var UP på plass på E134 i Åkrafjorden. I 80-sona ved Markhus blei resultatet seks fartsbøter. Høgaste fart blei målt til 109 km/t.