Syklist brekte foten

Ein kvinneleg syklist i 60-åra fekk brot i ein fot etter eit fall frå sykkel i Etne cirka klokka 12.35 tysdag.

— Hendinga skal ha skjedd i samband med at ein bil skulle køyre ut på vegen frå eit gardsplass, opplyser politioverbetent Arild Austrheim ved Etne og Vindafjord lensmannskontor. Like etter hendinga skreiv Sør-Vest politidistrikt at det hadde vore eit samanstøyt mellom sykkel og bil, men etterforsking tydar på at det kanskje ikkje er tilfelle.

— Førebels er det heller ikkje funne grunn til å beslaglegge førarkortet til kvinna i 80-åra som køyrde bilen, men saka vil bli etterforska vidare, seier Austrheim.