Testar ut lokal sykkel-idé
Ein kjent tradisjon frå Norges Skiforbund skal nå prøvast ut innan sykkelsporten. Oliv Enge (57) gjekk direkte til sykkelpresidenten og fekk respons på ideen om distansekort.
Mange har gått kilometer på kilometer på ski for å sikra seg skimerke i ulike valørar. Skiforbundet har framleis ordninga med distansekort, og Norges Cykleforbund har prøvd det same, men la prosjektet ned i 2000. Nå tar dei opp ideen igjen.
Forbundet er glad for initiativet frå IF Klypetussen. Koordinator Beate Stenberg i NCF stadfestar at dei er kontakta av Oliv Enge for å høyra om ho kunne få prøva ut distansekort for sykkel i Etne kommune.
— Og det svarte me sjølvsagt ja til. NCF har hatt distansekort tidlegare, der ein kunne bestilla eit merke eller ein plakett ved oppnådd tilbakelagt kilometer, men me lèt det gå ut då me såg at prosjektet måtte moderniserast om det skulle fenga dei yngre. Enge ønskjer å blåsa liv i dette, og me i NCF skal bruka sommaren og hausten på å sjå om dette igjen kan bli eit nasjonalt prosjekt på sikt. Distansekort på sykkel i Etne blir difor eit prøveprosjekt for å sjå om dette kan vera eit godt tiltak for å få fleire yngre til å sykla meir, ikkje berre i Etne, men i heile landet, seier Stenberg,