Vinnarbilde 2018: Slåttetid. 
Foto: Maria Tjelmeland
Vinnarbilde 2018: Slåttetid. Foto: Maria Tjelmeland

Tid for å knipsa bilde til sommarsidene

I fjor var det elleve år gamle Maria Tjelmeland frå Etne som gjekk til topps etter avstemning om det beste sommarbildet. Motivet fanga Maria under slåttonna sist sommar, heime på garden Sæbø. Gjennom spegelen på traktoren til faren, Edvar, skimtar ein eit par gardshus og framfor traktoren ligg ferdig slått. Maria kunne fortelja at ho sat på sida av faren og at sola plutseleg forsvann bak spegelen. Dermed tenkte ho kjapt og fiska fram mobilen som ho alltid har med seg, og knipsa blinkskotet som så mange fall for i fjorårets konkurranse. Sjølv var ho veldig fornøgd med bildet som kåra henne til vinnar av fjorårskonkurransen. Dette resulterte også i ein gåvesjekk på 2.000 kroner i ein valfri butikk i Grannar sitt distrikt.

Seks vekevinnarar

Torsdag i neste veke køyrer Grannar i gang sommarsidene 2019 der eit fast element også i år er fotokonkurransen. Dette innslaget har vist seg å vera svært populært, og Grannar har fått inn hundrevis av bilde kvart einaste år.

Konkurransen går over seks veker og kvar veke blir det plukka ut eitt bilde som blir kåra til vekevinnar. Til slutt står seks heldige finalistar igjen, som folk kan stemma på. Har du lyst til å vera med i konkurransen, blir du oppmoda til å senda blinkskotet ditt til Grannar.

Send bidraget ditt på e-post til foto@grannar.no eller på SMS til 975 70 789.

Bilda blir publiserte i torsdagsavisene framover, og frist for å senda inn er tysdagar klokka 12.00.

Hugs god oppløysing (original versjon) på bilda! Hugs også å skriv ein setning om motivet, kor det er tatt, namn på personar, og sjølvsagt namn, adresse og telefonnummer på fotografen.

Lukke til!

Grethe Hopland Ravn

journalist