Utforkøyring på Strondavegen

Naudetatane rykte måndag kveld ut etter melding om trafikkulukke på Strondavegen, den såkalla gamlevegen mellom Skånevik og Etne. — Ein bil skal ha køyrt mot eit tre. Ingen skal vera fastklemt, opplyser Sør-Vest politidistrikt.

Politiet opplyser seinare på kvelden at dei skadde er frakta til Stord sjukehus. Alle var bevisste og mest sannsynleg ikkje hardt skada. Politiet har førebels ikkje oversikt over korleis ulykka skjedde. Sak er oppretta.