Brann i fengselet

Ikkje før var det meldt om brann i ein fritidsbåt på Romsa, gjekk brannalarmen igjen i Vindafjord. Meldinga kom frå Sandeid fengsel der det oppstod brann i snikkerverkstaden rundt lunsjtider fredag. Brannen blei sløkt etter kort tid, og det er ikkje rapportert om personskade. Sør-Vest politidistrikt opplyser at dei vil undersøka åstaden når dei er ferdig med brannen på Romsa.