Bruksforbod for fem køyretøy

Statens vegvesen gjennomførte onsdag kontrollar på E134. Vegvesenet sjekka køyretøy i Etne og på Favnabø i Ølensvåg, begge stader i både austgåande og vestgåande retning.

Elleve køyretøy var inne til kontroll. Blant desse blei det gjennomført utvida kontroll av seks, og for fem medførte kontrollen bruksforbod. Eitt fekk bruksforbod grunna ikkje-synleg kjennemerke, to på grunn av mangelfull lastesikring og for dei to siste køyretøya førte overlast til bruksforbodet.

Samtidig blei det også gjennomført sjekk av bilbeltebruk. Det blei skrive ut tre gebyr, desse på grunn av vognkort, overlast og fråvêrande bruk av bilbelte.

Utover dette blei 228 køyretøy kontrollerte, der alle hadde setebelta i orden.