Lite er igjen av livsnerven i bygda. Stupetårnet står igjen.
Dette synet må vatsbuen leve med ei stund framover før politiet og forsikringsselskapet er ferdig med jobben.Arkivfoto

Ein av fleire teoriar

Publisert Sist oppdatert

Lensmannen i Vindafjord seier han er kjend med at det er eit rykte i Vats at bruken av ein eingongsgrill som vart forlaten, skal vere den direkte årsaka til at Vindafjordhallen brann ned til grunnen natt til måndag.

Grannar har også fått det referert frå personar i Vats at ein eingongsgrill i bruk om kvelden ved Vindafjordhallen har ført til at det utvikla seg til brann i bygningen.

Men Gjærde opplyser at det så langt er ein av fleire teoriar om brannårsak politiet arbeider etter, og på ingen måte eit etablert faktum.

Elektrisk ikkje sjekka

— Vi har snakka med personar som har grilla der, men det er berre ein av fleire teoriar om årsak til brannen. Brannårsaka er ikkje slått fast og det vil den vidare etterforskinga gi fleire svar på. Blant anna er ikkje det elektriske anlegget undersøkt. Difor er det spekulasjonar at grillen er årsaka, seier Gjærde.

Han seier politiet arbeider etter fleire trådar for å finne brannårsaka.

Åstadgranskarane som skal sjekke branntomta, var i den totalt nedbrunne hallen i den tidlege fasen, men først 12. august kjem dei tilbake for å gjere vidare undersøkingar, ifølgje lensmannen.

Etter det Grannar forstår, skal det vere nokre yngre personar som brukte eingongsgrill på utsida av hallen og plasserte den i eit bosspann då dei var ferdige. Det er ikkje opplysningar politiet har gitt.

Personane som brukte grillen, skal sjølv ha meldt frå om det.

Powered by Labrador CMS