14 år gamle Oskar Nerheim frå Ølen måtte trena på flogefiske før han fekk prøva seg i elva.Foto: Irene Mæland Haraldsen
14 år gamle Oskar Nerheim frå Ølen måtte trena på flogefiske før han fekk prøva seg i elva.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Gabriel Eskeland (14) frå Etne er alt ein erfaren flogefiskar.
Foto: Irene Mæland HAarldsen
Taisija Bauke (12) frå Ølen og Benjamin Lien (17) frå Sveio ved lavvoen der eltakarane kan overnatta.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Laurdagen var sett av til tørrtrening i flogefiske.

Fekk prøva flogefiske

Å fanga storlaksen på flogestanga krev mykje trening. Under laksecampen i Etne i helga fekk 14 år gamle Oskar Nerheim og andre fiskeinteresserte ungdommar læra seg ulike kasteteknikkar for å få fisken på kroken.

Publisert Sist oppdatert

Det er laurdag ettermiddag og tid for laksecamp ved Sørelva i Etne. Matteltet og lavvoane er alt slått opp og nå gjer deltakarane seg klar til kveldens første treningsøkt med fiskestonga. Fiskekroken har dei lagt igjen i fiskekorga for nå er det tørrtrening på flogefiske som gjeld. Heile laurdagskvelden er sett av til trening, og når morgondagen gryr kan dei setja kursen mot elvebreidda for å jakta storlaksen.

— Eg har ikkje fiske med floge før. Det er vanskelegare enn vanleg stongfiske, men det går greitt, seier 14 år gamle Oskar Nerheim frå Ølen og svingar flogestonga som han har fått lånt for høvet.

Han er glad i å fiska og når treningsøkta er over håpar han øvingsstunda vil gje resultat. — Det er kjekt å fiska og eg håpar eg får fisk. Eg er medlem i Vindafjord Jakt og Fiskelag og har vore på Ung gruppa sine utflukter. Det er kjekt. I kveld skal eg kanskje overnatta i teltet og i morgon får me fiska i elva, seier den unge fiskaren.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS