Skjoldabu Modolf Haraldseid blir Høgre sin nye ordførarkandidat.
1. kandidat Modolf Haraldseid i Vindafjord Høgre. ARKIVFOTO: JON EDVARDSEN

Heiltidsarbeidande strevar med skuletida

No er vel dei fleste i den situasjon at dei er på ferie eller skal på ferie. Nokre har kanskje valt å feriera på andre tider av året. Valfridomen er etter kvart blitt stor for mange. Men ikkje for alle.

Spesielt gjeld dette for barnefamiliar kor begge foreldra er i arbeid. Dei har i desse tider ein stor utfordring i å finna ut av korleis dei skal få høveleg pass av ungane fram til skulane byrjar igjen. Ein kan sjølvsagt ha ferie på kvar sine tidspunkt for å redusera tida med ekstrahjelp, men det blir lite familietid ut av det. Problemstillinga gjentek seg kvar sommar – kven av slekt eller vener kan vi be om hjelp frå i år? Dette varer frå borna startar i skulen og til dei er så store at dei på ein god måte kan klara seg sjølve. SFO kan vera eit tilbod i deler av ferien, men svært få vel å benytta seg av dette fordi det både er dyrt og berre i begrensa grad tilpassa behovet.

Men det stoppar ikkje der. Etter at skulen har starta igjen er det ikkje skulen sine behov for læring eller foreldra sine behov for å kunne skjøtta ein heiltidsjobb som er i fokus. Nei, det er skuleskyssen som styrer det meste av lengda på elevane sine skuledagar. Dette heng sjølvsagt saman med kommunen sin økonomi og då er det rimelegast å få flest elevar med på same bussen, uansett om dette er høveleg for undervisninga eller foreldra som arbeider heiltid. Denne situasjonen er krevande for foreldre som frå før slit med tidsklemma, men det går sjølvsagt også ut over borna.

I det store og heile legg ikkje kommunane tilstrekkeleg til rette for at to heiltidsarbeidande foreldre skal kunna drifta barnefamilien på ein god måte. Spesielt vanskeleg er dette i den perioden når borna treng foreldra mest.

Høgre vil at vi skal kunne leve heile livet. Då må det leggjast til rette for dette også når foreldra har det som travlast.

Vindafjord Høgre vil føra ein politikk som betre legg til rette for barnefamiliane. Me vil ha skuletider som er tilpassa ein heiltidsskule i kombinasjon med heiltidsarbeidande foreldre.

Modolf Haraldseid
ordførarkandidat Vindafjord Høgre