Brannvesenet som var først på åstaden, meldte at ingen av dei involverte var skadde i ei trafikkulykke på E134 i Ølensvåg. Det var to personbilar som kolliderte front mot front i 50-sona like før kl. 14 måndag, melder Sør-Vest politidistrikt. Ulykka skjedde vest for den mellombelse rundkøyringa.