Klar for nytt stølsstemne
Sidan år 1900 har store og små tatt turen til Vikestølen i Vikebygd for å delta på det tradisjonelle Vikestølsmøtet, og som i tidlegare år er det igjen duka for andakt, song, musikk og kaffikos på den gamle stølen.
Søndag er det igjen tid for sommarstemne og kristent møte på Vikestølen. Arrangementet startar klokka tolv på føremiddagen og i løpet av dei neste fire til fem timane står gudsteneste, andakt, song, musikk og matøkt på programmet.
— I år er det tidlegare sokneprest Harald Eintveit som skal halda gudsteneste. Etter den formelle delen blir det mat før det blir eit nytt ettermiddagsmøte med andakt, song og musikk, fortel Steinar Skartland frå arrangementskomiteen og inviterer små og store til fjells.
Folk kan ta turen til fots enten via skogsvegen frå Eikås på Bjoa eller frå Vikebygd, og for dei som ikkje er så gode til beins er det mogeleg å bestilla skyss heilt fram til stølen. Det er også mogeleg å gå til fots frå Eikesdalsvegen i Vats.