Guri L. Ravatn er Vindafjord SV sin førstekandidat ved haustens kommuneval.
Foto: Jo Straube / Sosialistisk Venstreparti

Men viktigast er vindafjordingane!

Det lir mot val og rikeleg å velja mellom av meiningsmålingar og valomatar. Grannar står for lokale målingar, det er bra! Me ønskjer oss minst ein til før 9. september!

I samband med meiningsmålinga i mai, gjer leiaren i Grannar seg sine refleksjonar under overskrifta «Suksess har også ein bismak». Sp gjorde eit brakval i 2015 og det same ligg det an til i 2019. Sp er i koalisjon med KrF, V, Bjoa bygdeliste og SV og har hatt ordførar og ei «tung hand på rattet» i ein periode med gode tider i Vindafjord. Leiaren peikar på at bismaken til Sp sin suksess, er at samarbeidet og dei gode tidene ikkje viser att som framgang for dei andre partia.
Dette har Grannar rett i og i SV håper me sjølvsagt på å få noko att frå veljarane den 9. september.

Samstundes veit me i SV, at fleire av dei positive tiltaka og endringane for vindafjordingane, kjem som resultat av at alle i koalisjonen har høve til å koma med innspel. Deretter har koalisjonen støtta innspela fram til endeleg vedtak. Eit slikt samarbeid er til det gode for vindafjordingane. Det er det viktigaste. Ulempa er at det ikkje viser att i oppslutnad for partia som tok dei ulike initiativa.

Vindafjord SV er likevel overbevist om at vår deltaking i politikken og våre initiativ i fleirtalskoalisjonen gjer ein forskjell og viser att i konkrete gode for vindafjordingane.
Lat oss nemna desse SV-initiativa:

  • Vindafjord – ein stolt Fairtrade-kommune.
  • Etablering av Frivilligsentral.
  • Innført att etter press og framlegg frå SV
  • Prosjekt auka grunnbemanning i PLO, med resultat færre sjukemeldingar, fleire faste og større stillingar og innsparte midlar på dyre vikarar.
  • Mottak av flyktningar i samsvar med IMDI si oppmoding
  • Klart nei til bygging av vindturbinar på Døldarhei og Bukkanibba.
  • Språkbruksplan til bruk i det kommunale arbeidet, m.a. med vedtak om nynorsk som opplæringsspråk i vaksenopplæringa.
  • Forskrift for kriteria for langtidsopphald på sjukeheim. Her gjorde SV ein kjempejobb for å gjera rådmannen sitt framlegg tydelegare og meir likeverdig.
  • Ein ny strategi, for «Klima og energi» med konkrete tiltak kom med i budsjett 2019.
  • Auke i tal lærlingar i 2018

Så gode Grannar: Vindafjord SV er samd i at alt dette ikkje har ført til den store vinsten for SV på partimålingar. Men, politisk arbeid er ikkje motivert av gode meiningsmålingar, men av praktiske gode resultat for vindafjordingane, at Vindafjord blir ein betre kommune å bu i.

Ein ting støttar SV lokalavisa i, det er at «det er sjeldan sunt at eitt parti blir for dominerande». Mangfald er ein styrke!

Så – samstundes som me takkar for samarbeidet i koalisjonen, har me ei oppmoding:
Vindafjordingar: Våg å vurdera alle dei ulike partia i Vindafjord! Og for mangfaldet si skuld, ta sjansen på å gje di stemme til eit anna enn det heilt opplagde valet.

Vidar Samland, gruppeleiar
Guri L.Ravatn, leiar og 1. kandidat i kommunevalet
i Vindafjord SV