Det var onsdag kveld at politiet fekk melding om at ein båt var hamna på land i Vikebygd. Føraren av båten var på tur med båten i Ålfjorden.
— Politiet var på staden i 20-tida onsdag kveld. Føraren av småbåten var ein mann i 70-åra, som blei sendt til legevakta for sjekk. Det ser ut til at det har gått bra med mannen, og det er ingen mistanke om rus. Det var rett og slett eit uhell, opplyser fungerande lensmann i Etne og Vindafjord, Arild Austrheim.