Kapteinen på ein slepebåt oppdaga måndag morgon ein fritidsbåt som dreiv i Skåneviksfjorden.
Mistanke om rus
I fritidsbåten var ein mann i slutten av 30-åra, som kapteinen på slepebåten fekk mistanke om var rusa.
Han kontakta difor politiet.
Fritidsbåten var tom for drivstoff, og slepebåten var på veg ut på jobb og hadde ikkje tid til å gå til land med fritidsbåten.
Dermed vart resten opp til politiet.
— Det var lensmannen sjølv, (Ingvar Gjærde, red. merknad) som saman med ein politibetjent reiste ut, etter først å ha skaffe seg skyss med ein ambulansebåt, fortel operasjonsleiar Helene Strand i Sør-Vest politidistrikt.
Til blodprøvetaking
Då Grannar snakka med operasjonsleiaren ved 11.30-tida var siste melding frå lensmannen at dei hadde mannen saman med seg om bord i ambulansebåten, og at dei då truleg sette kursen mot legevakt for å få tatt blodprøve av mannen.
Båtføraren er ikkje busett i Grannar-distriktet.