Anna Elisabeth Langhelle ville kjempa for fleire hender i sjukehusnoreg dersom ho hadde politisk makt.
Foto: Privat
Slit ikkje med å få tida til å gå
Anna Elisabeth Langhelle er leiar i Vikestølsstyret. No står oppussing av stølshytta på trappene.
Vikebuen Anna Elisabeth Langhelle har mange prosjekt på gang. Ved sida av å vere med i prosessen rundt oppussinga av den gamle Vikestølshytta, håpar ho etter kvart å forsyne vikebuane med poteter. Ho er glad treningssenteret i Skjold er på plass, men koplar også av med ein god serie i sofaen.
— Kva er di sterkaste side?
— Eg er fleksibel og løysningsorientert. Og så likar eg mykje arbeid. Eg trur og eg er nokså fordomsfri og på den måten er det lite som irriterer meg.