• Uhellet skjedde like nord for Knapphus.Foto: Anita Haugland
    Bilde 1 av 1 Uhellet skjedde like nord for Knapphus.Foto: Anita Haugland

Trafikkuhell i Vats

Trafikken skal igjen gå som normalt på E134. Dette etter at politiet 1410 fekk melding om ei trafikkulykke på europavegen, like nord for Knapphus. Eit einsleg køyretøy hadde køyrt i autovernet i 60-sona.

Like etter klokka 15 meldte Polititet i Sør-Vest på Twitter at førar og passasjer var køyrd til legevakt i ambulanse. Bilen stod då oppe på autovernet, og bergebil var på veg. Det føregjekk trafikkdirigering på ulukkesstaden.

Årsaka til ulukka er truleg at førar har sovna, opplyser politiet rett før halv fire. Det blir oppretta sak på hendinga.