Det vil ta mange timar å få vogntoget opp og rydda vegen for fri ferdsel.
Foto: Øystein Silde Frønsdal
Det vil ta mange timar å få vogntoget opp og rydda vegen for fri ferdsel. Foto: Øystein Silde Frønsdal

Velta med 48 tonn i lasta

Først rundt midtnatt kunne Statens vegvesen melde at E134 var open igjen etter at eit vogntog hadde velta i Vats om torsdag føremiddag. Det var krevjande bilberging av køyretøyet med ekstrem tung last som gav den lange ventetida.

Brannvesenet melder på Twitter at dei har rykka ut for å bistå etter ein lastebilvelt. Ulukka skal ha skjedd ved Eikeland i Vats i Vindafjord kommune, ifølgje 110 Sør-Vest, som meldte om velten klokka 11.11.

Statens vegvesen sine trafikkmeldingar opplyser at vegen er stengt på grunn av bilberging, og at tilrådd omkøyringsveg er via Sandeid på Fv. 46 og Fv. 514. Bilberginga er berrekna til ca fem timar, noko som betyr at klokka kan passere 18.00 før vegen igjen er open for fri ferdsel.

Ingen personar kom til skade. Det var ei tung last som var på veg innover frå Karmøy mot Ølen, og som skulle til Jelsa i Suldal. Traileren var lasta med eit knuseverk som vog 48 tonn, medan totalvekta var 80 tonn.

Sjåføren fortel til Grannar at dei hadde fått dispensasjon frå Statens vegvesen til den tunge transporten, og at det også var følgjebil med frå vegvesenet på grunn av passering av enkelte bruer.

Ulykka skjedde då vogntoget passerte eit parti der vegen helte litt. Det velta over på sida og blei liggjande i vegkanten og delvis på eit flatt jorde.

Trafikken blei omdirigert både på Knapphus og Ølensvåg, noko som førte til at det var berre eit fåtal køyretøy som blei ståande og vente på at E134 igjen skulle blir open.