Det er berre stupebrettet som står igjen i bassengdelen på Vindafjordhallen. Foto: Grethe Hopland Ravn
Brannen som la Vindafjordhallen i brannruinar, skaper debatt om gjenreisinga.
Vigleik Gutubø er underbrannmeister i Etne og Vindafjord brannvesen. Han var tidleg på staden i natt, og omtalar brannen som komplisert
Vigleik Gutubø er underbrannmeister i Etne og Vindafjord brannvesen. Han var tidleg på staden i natt, og omtalar brannen som komplisert
Vindafjordhallen vart raskt overtent, og ingenting kunne hindre at den brann ned til grunnen. Arkivfoto
Vindafjordhallen vart raskt overtent, og ingenting kunne hindre at den brann ned til grunnen. Arkivfoto
Det er ikkje mykje igjen av inngangspartiet
Det er ikkje mykje igjen av inngangspartiet
Lite stod igjen av Vindafjordhallen då dagen kom og røyken forsvann over branntomta.Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Lite stod igjen av Vindafjordhallen då dagen kom og røyken forsvann over branntomta.
Vindafjordhallen brann ned til grunnen natt til måndag 22. juli.ARKIVFOTO: JON EDVARDSEN
Vindafjordhallen brann ned til grunnen natt til måndag 22. juli.
Det var ein prega ordførar som kom til staden i morgontimane. Ole Johan Vierdal får oppdatering frå Vigleik Gutubø
Det var ein prega ordførar som kom til staden i morgontimane. Ole Johan Vierdal får oppdatering frå Vigleik Gutubø
Vindafjordhallen brann ned natt til måndag 22 juli.Foto: Grethe Hopland Ravn
Vindafjordhallen brann ned natt til måndag 22 juli.
Vindafjordhallen brann ned natt til måndag. Politiet fekk melding 02.16 og i løpet av eit par timar var den store bygningen gått opp i flammar.Foto: Politiet
Vindafjordhallen brann ned natt til måndag. Politiet fekk melding 02.16 og i løpet av eit par timar var den store bygningen gått opp i flammar.

Vindafjordhallen brann ned

Det var sørgjelege nyheiter vindafjordingane vakna opp til måndags morgon. Vindafjordhallen – bygda si storstove som blei bygd på dugnad i 1992 har brent heilt ned.

Publisert Sist oppdatert

Operasjonssentralen i Sør-Vest melder klokka 02.16 om brann i Vindafjordhallen og at flammane allereie står opp gjennom taket.

I følgje Haugesunds Avis som intervjua operasjonsleiar Jøran Solheim i natt, blir det opplyst at det brenn godt, at det er røyk i heile huset og at det brenn både i forsamlingslokalet og mot badeanlegget. Rett før klokka 03.00 var brannbilane på plass ved Vindafjordhallen, men eit par timar seinare var heile vindafjordhallen brent ned til grunnen. Då var det berre eit par murvegger og eit stupebrett som stod igjen.

Underbrannmeister Vigleik Gutubø kan opplysa at taket over forsamlingslokalet allereie var falt ned då han kom til staden i natt.

— Alt peikar på at brannen starta her, seier han og grunngjev dette med at det var i denne enden det brant kraftigast.

Gutubø seier også at det var ein komplisert brann som starta innvendig, og sidan taket gav etter våga dei ikkje å bevega seg opp på taket.

Sandeid og Ølen brannvesen var tidleg på staden, i tillegg til ein tankbil frå Aksdal, som kom saman med brannsjef Dag Botnen.

Prega ordførar

Det er ein prega ordførar som kjem til staden utpå morgonkvisten.

— Nei her var det ikkje mykje igjen. Ein skulle ikkje tru at det kunne brenna så vanvittig. Alt av treverke er brent ned, og berre muren står igjen, seier Ole Johan Vierdal.

Han bur ikkje langt frå Vindafjordhallen og kunne sjå røyken velta opp heimafrå.

— Det må ha skjedd fort, for eg var nå seint i seng i går kveld og då eg la meg registrerte eg ikkje brann, seier han.

Sjølv om det er på eit tidleg stadium, er ordføraren klar på kva han tenkjer om framtida for Vindafjordhallen.

— Me må gå gjennom alle forsikringar og eg tar sjølvsagt for gitt at alt er i orden. Så må me starta oppbygginga igjen, seier han.

Kunne gått mykje verre

Han er glad for at det ikkje var folk i bygget, og at det berre er verdiar som har gått tapt. Likevel kjenner han seg trist, og han trur mange kjenner som han i dag.

— Det er ikkje få dugnadstimar som er lagt ned her, og mange har gode minner frå 1992 og fram til i dag, seier han.

Vierdal er også glad for at det ikkje gjekk verre, for sjølv om brannen er ein tragedie i seg sjølv kunne det enda med katastrofe om vinden hadde vore sterk.

— Eg var redd for garderobebygget, for kyrkja, fotballbanen og skulen. Det kunne gått så mykje verre, seier han.

Powered by Labrador CMS