Ein båt av modellen Herwa 17, grå i farge og med 50 HK påhengsmotor, er meldt stolen frå eit industriområdet på Nagel i Vikebygd.
Båten har registreringsnummer ZAJ 383. Nummeret på hengaren er ikkje kjend.
— Båten forsvann ein gong i mellom 29. juli og 5. august, seier lensmann Ingvar Gjærde ved Etne og Vindafjord lensmannskontor. Politiet ber publikum om tips i saka.