Ein bil hamna onsdag føremiddag på taket etter ei utforkøyring på fylkesveg 513 ved Svanavatnet i Skjold mellom Solheim og Sagi.
Då politiet kom til staden fann dei bilen som låg på taket, men ikkje førar.
Sør-Vest politidistrikt melde like etter klokka 09.30 at dei har vore i kontakt med førar, og han har forklart at han er uskadd, men skaka etter hendinga.
Politiet melder vidare at dei ville oppsøke førar for å oppta forklaring.