Oda Kambo Hersvik (16) (t.v.) og Mathilde Gravelsæter (17) frå Etne fekk oppleva den hittil største speidarsamlinga i verda, då kring 45.000 unge speidarar frå 180 land var samla til leir i USA. Foto: Sirianne Vikestad
Oda Kambo Hersvik (16) (t.v.) og Mathilde Gravelsæter (17) frå Etne fekk oppleva den hittil største speidarsamlinga i verda, då kring 45.000 unge speidarar frå 180 land var samla til leir i USA.
På marknaden kunne ein byte vekk merke, klede og utstyr. Noko som vart både samlingsobjekt og ein liten del av mange gode minne frå leirsamlinga.
På marknaden kunne ein byte vekk merke, klede og utstyr. Noko som vart både samlingsobjekt og ein liten del av mange gode minne frå leirsamlinga.
Senger og telt fekk dei mange reisande låna av leiren i USA, som er laga for å ta imot så store folkemengder som opp mot 50.000 menneske. Foto: Privat
Senger og telt fekk dei mange reisande låna av leiren i USA, som er laga for å ta imot så store folkemengder som opp mot 50.000 menneske.
Det var populært å delta i skikonkurranse under den store kulturutvekslingsdagen. Foto: Privat
Det var populært å delta i skikonkurranse under den store kulturutvekslingsdagen.
Under USA-opphaldet vitja den norske speidargruppa mellom anna eit flymuseum. Foto: Privat
Under USA-opphaldet vitja den norske speidargruppa mellom anna eit flymuseum.

— Det største du kan vera med på

Sommaren 2019 kjem til å stå sterkt i minne til Oda Kambo Hersvik (16) og Mathilde Gravelsæter (17), for då drog dei to speidarane til West-Virginia for å delta på ei av verdas største ungdomsleirar.

Publisert Sist oppdatert

Med tre fingrar heva til hovudet, kjende Mathilde Gravelsæter og Oda Kambo Hersvik verkeleg på det internasjonale fellesskapet som veslefingeren og tommelen representerer i speidarhelsinga då dei avla speidarløftet saman med 45.000 speidarar frå heile verda under årets verdsspeidarleir i West-Virginia, USA.

Opningsseremonien til årets World Scout Jamboree kan nærast samanliknast med OL-tilstandar, der kvart land kjem vandrande i tog med sitt flagg inn mot ei svær scene. Ingen ringare enn Bear Grylls (Edward Michael Grylls), eventyrar og programleiar i Mann mot Natur, var blant dei som tok imot dei mange tusen speidarane frå 180 land.

— Det er det største du kan vera med på i speidarorganisasjonen, seier Oda og smilar stort.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS