Etne Sp vil revitalisera næringsarbeidet

Næringslivet i Etne er omfattande, rikt, og i utvikling: Alt frå einmanns-gründerane i oppstartfasen, butikkane i sentruma, gardbrukarane i heile kommunen og dei store bedriftene som er arbeidsplass for så mange.

Næringslivet vårt spenner over mykje, det er både landbruk, handel, turisme, industri og service.

Me har to svært gode verktøy for næringsutvikling i kommunen. Med både Fikse Næringsutvikling og nå også Medvind Næringshage på laget, står me svært godt rusta til å styrka grobotnen for både eksisterande næringsliv i vekst, og nye gründerar.

Likevel ser me det som viktig at kommunen sjølv også skal bli ei aktiv drivkraft i dette arbeidet, og ein aktør som er til stades når næringslivet treng det. Det skal me bli i tett samarbeid med både Fikse og Medvind, og sjølvsagt også direkte med næringslivet.

Vårt første mål er å få på plass ei eit tett samarbeid med næringslivet: Med jamlege møte, bedriftsbesøk og felles prosjekt ønskjer me at kommunen ikkje berre skal lytta og læra av næringslivet, men også vera ein aktivt bidragsytar til vidare utvikling.

Vidare må kommunen ha mannskap nok til at me kan tilby ei kortast mogleg sakshandsamingstid.

Me ønskjer at kommunen skal tilby gratis kontorplass i Medvind til gründerar i oppstartsfasen, og me vil nytta både næringshagen og Fikse som katalysatorar for nye næringsaktørar i kommunen.

Me skal vera ein på-kommune! Me kan ikkje alltid seia ja til alle ønskje og planar. Det er mange omsyn å ta. Men dersom næringsaktørar har behov, idear og tankar om korleis utvikla seg vidare, skal kommunen saman med bedriftene sjølve, Medvind og Fikse vera PÅ! Me skal hjelpa til med å finna løysingar som kan bidra til at næringslivet får ta ut potensialet og ideane sine.

Martin Heggelund
Andreas Aune
7. og 9. kandidat Etne Sp