Etne treng eit politisk skifte

Nå nærmar det seg val i Etne, og me har moglegheiten til å gjera dei endringane som skal til for å få ein positiv trend tilbake til kommunen. Eg har ein del år nå vore tilskodar til utviklinga i Etne kommune, og det er lite som har imponert meg dei siste åra. Kanskje er tida inne for eit skifte i den politiske leiinga?

Det er ikkje så vanskeleg å sjå på tv at valkampen er i gang, og på den arenaen handlar det som vanleg mest om nasjonale spørsmål. Sjølv om ein del av spørsmåla vil berøra oss, er dette faktisk eit lokalval. Ap-leiarJonas Gard Støre går populistisk ut og lover gratis skulemat til alle. Alle vett at den ikkje er gratis, og den vil kosta om lag 2.000 kroner per person i auka skatt, sjølv for dei som ikkje har barn. Slikt er jo heilt vanleg frå den kanten. Ein må berre kalla det for noko fint, som å styrke fellesskapet – då bit fleire på.

Ein viktig merknad som seier litt om tilstanden er når ein kommune må innføra eigedomskatt, så har kommunen mista kontrollen på økonomien. Denne usosiale og grådige skatten må bekjempast. Skal me få folk til å busetje seg her, må me bli ein kommune utan eigedomskatt. Ein plass som legg til rette for at barn og unge kan veksa opp i trygghet og med gode fritidsaktivitetar og moglegheit til å utvikla sine interesser. Vidare må me leggja til rette for at det er i orden å lukkast i livet.

Det som blir viktig er å sjå på kva som skal til for å utvikla kommunen vidare. Få inn ein positiv utvikling og bli ein kommune som heiar på næringslivet, både dei som har fått det til frå før og treng utvikla seg vidare, og nye gründarar som har gode idear for å skapa ei livskraftig verksemd. Vi må leggja til rette på ein god måte for barn og unge og sjå til at dei eldre har det som skal til for ein verdig alderdom. Me i Etne Frp har sett klare mål for dei neste 4 åra. For det første må økonomien vera under kontroll. Me skal sterkt redusera og til slutt fjerna eigedomskatten. Me vil få på plass eit mobbeombod, som kan jobba konstruktivt i skulen med å få til endringar i positiv retning. Me kan ikkje vera bekjent av å ha dårlige tal når det gjeld mobbing blant barn og unge. Vidare er det også viktig at me gir tydlege signal om skulestruktur, ingen er tent med usikkerhet om noko som er livsviktig for eit samfunn. Me må ha som mål at Etne blir ein kommune der det er trygt å bu og veksa opp i.

Eg byrja med å seia at kanskje tida er kommen for å skifte ut den politiske leiinga i kommunen. Etter 4 år, kva har dei å visa til? Lånegjelda har auka kraftig og botnlinja har sjeldan vore lågare i budsjetta. Me treng nytenking, utvikling, nokon som kan gå føre og skapa ein positiv atmosfære. Stem på meg og Etne Frp den 9. september.

Johannes Kringlebotten
3. kandidat for Etne Frp