Truls Skjold (16) t.v, Emil Haugen (16), Vebjørn Hustoft (15) og Jørgen Amundsen (16) hjelper til med flytting før skulestart.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Flyttesjau før skulestart
Skulestart er like om hjørna og ved Skjold skule er dei førebelse klasseromma i Skjold Arena snart klar for å ta imot nye elevar. Det syt mellom anna 16 år gamle Emil Haugen frå Skjold og tre tidlegare medelevar for.
Brann har råka elevane ved Skjold skule hardt den siste tida. I mars 2018 brann deler av skulen ned og øydela både klasserom og administrasjonsavdelinga, og i sommar blei svømmetilbodet lagt i grus då Vindafjordhalen brann ned til grunnen.
Etter skulebrannen måtte deler av undervisninga flyttast til Skjold Arena og Vats skule, og når årets skuleferie er over på måndag, må elevane belaga seg på nok eit år med midlertidige løysingar før skulen er bygd opp igjen.
Såg brannen heimanfrå