Eigar av etterlaten hund har meldt seg

Eigaren til hunden som vart funne i Vikebygd onsdag meldte seg fredag ettermiddag.

SISTE, FREDAG KL. 18: Eigar av hunden har meldt seg til hundepensjonatet. Det melder hundepensjonatet på sin Facebook-side.

Dette publiserte Grannar fredag føremiddag:

Politiet har sidan torsdag morgon etterlyst eigaren av ein bokser-liknande hund som vart funnen i nærleiken av ei hytte i Krekavegen i Vikebygd, uten at nokon har meldt seg.

Førebels plassert

Fredag gjekk politiet også ut med bilde av hunden, i håp om at det kan bidra til å finne eigaren.

— I samråd med eit hundepensjonat er hunden inntil vidare plassert hos en person i Vikebygd, opplyser lensmann Ingvar Gjærde ved Etne og Vindafjord lensmannkontor.

Kan bli avliva

— Kva skjer om eigar ikkje melder seg?

— Då vil det på eit tidspunkt bli vurdert om hunden skal bli omplassert eller bli avliva, seier Gjærde.