Politiet fekk laurdag føremiddag melding om at det sto ein kalv midt i vegbanen på E134 like vest for Ølensvåg.
— Bonden er kontakta og vedkommande har reist ut for å ta hand om dyret, opplyser operasjonsleiar Sølvi Ravndal ved Sør-Vest politidistrikt.
Kalven sto midt i vegbanen i Espelandssvingane og kom brått på for bilistane, men det skal ikkje ha skjedd noko uhell i samband med saka.