Bård Wannberg frå Skjold er klar for VM i brettspelet Klask.
Foto: Torstein Tysvær Nymoen
Klaskar til i VM
Nyleg vann han førsteplass i noregsmeisterskapen i brettspelet Klask. Laurdag er 23 år gamle Bård Wannberg frå Skjold klar for VM i Finland.
— Det blir kjempekult å få vera med. Me reiser til Helsinki i Finland på fredag og er tilbake på søndag. Konkurransen går heile laurdagen, seier den ferske noregsmeisteren i Klask, Bård Wannberg, og gler seg til å konkurrera mot verdas beste Klask-spelarar.
— Eg skal spela mot dei 20 beste spelarane i verda, så eg er kjempeheldig som får vera med. Kvalifisering var å vinna NM og eg har fått sponsa både reise og opphald av ein brettspelprodusent. Eg veit ingenting om motstandarane og eg har ikkje noko formeining om korleis det vil gå. Men eg reiser med ein tanke om å vinna, seier han optimistisk.
Deltakarane kjem i hovudsak frå Tyskland, Noreg, Sverige, Danmark, Finland og USA, og skal konkurrera om gullmedaljen i brettspelet Klask som minner litt om det meir kjente spelet Airhockey.