Etne hadde tøff motstand i første kamp etter sommarferien. Bortekamp mot Avaldsnes er ikkje ein kamp ein reknar med å komme heim ifrå med poeng. Men som Ølen greidde i den første seriekampen i vår, klarte Etne å tukte det suverene laget frå Karmøy torsdag kveld.
Rett nok hadde heimelaget nokre tunge forfall til oppgjeret, men Etne hadde etter rapportane ein framifrå kveld på jobben. Kristoffer Grønstad sende gjestene i leiinga tidleg, men Avaldsnes kvitterte rett før pause.
Åsmund Norheim vart den store spelaren for Etne i den andre omgangen. Norheim sette inn to fine fulltreffarar, og fastsette sluttresultatet til 1-3. Dermed kunne Etne reise heim med tre overraskande poeng, i ein kamp der ung-gutane Vetle Hustvedt Lundal og debutanten Steffen Rafdal imponerte.