Mia (6) dobla innsatsen
Først sykla ho 11 kilometer. Deretter stilte ho til start i barneløpet, under årets utgåve av Langs Åkrafjorden.
— Ho har ikkje gir på sykkelen, difor er det best å gå i oppoverbakkane, fortel bestefar Jostein Akse frå Odda.
Laurdag var han blant mosjonistane som deltok i Langs Åkrafjorden på sykkel. På turen hadde han med seg dottera, Linda Lande, og barnebarnet, Mia Akse (6).
— Me bur i Odda, men me har fritidsbustad i Mikkjeltre. Difor er me ofte i området, fortel Akse.