Om kommunesamanslåing og litt om kommuneøkonomi

Høgre og Lars Olav (ja, eg er på fornamn med han, meir om det seinare), vil halde saka om samanslåing av Vindafjord og Etne varm i neste periode. Det gir meg puffet til å skrive eit innlegg som eg har brygga på ei stund.

Eg skulle ønskje at, og eg trur det hadde vore lurt, om sentrale styresmakter la til rette for kommunar som Vindafjord og Etne, med tre-fire og opp til kanskje ti-tolv tusen innbyggjarar. Det handlar sjølvsagt om kva oppgåver kommunane skal ha, og kor mykje ekspertise desse oppgåvene føreset. Heilt uavhengig av kommunestorleik burde tvangsbarnevernet vore overført til ein statleg instans. Vi tenkjer oss ikkje at vi burde hatt eit kommunalt politi (sjølv om vi vil ha politi til stades i nærmiljøet), og dei inngrep tvangsbarnevernet har mynde til å gjere er ikkje mindre alvorleg for den det gjeld enn den mynde politiet har til å utøve tvang.

Når tvangsbarnevarnet er overført staten handlar det i stor grad om kor komplisert regelverk vi ønskjer å utforme, og i Noreg har vi vel vore i overkant der nokre år. Både for innkjøpsordningar og byggeprosessar kunne nok regelverket, og dermed kravet til ekspertise, med fordel våre redusert.

Tru på at stort er godt

Nærleik og kjennskap er den store fordelen i ein liten kommune. Då eg for meir enn 30 år sidan stengde kontordøra mi på Grønland sosialkontor i Oslo for å dra til i Etne kommune eit par dagar seinare, sa eg til kollegaene mine at dersom eg gjekk ut av døra på kontoret eg skulle ha i Etne, hadde eg ordføraren to dører til høgre og rådmannen tre dører til venstre. Dei trudde meg ikkje.

Og eg er altså på førenamn med alle ordførarkandidatane i Etne kommune. Det hadde faktisk vore interessant å undersøkje kor stor andel av Etne sine innbyggjarar som er «på hels» med Kenneth, Lars Olav, Mette Heidi eller Siri. Eg trur det er dei som frontar at dei er kandidatar til det fremste vervet. Eg trur ein slik nærleik og kjennskap er viktig for det norske samfunnet, og ønskjer meg ikkje større avstandar til ombodspersonane våre.

Så hevder nokon at ein liten kommune er sårbar for t.d. dårlege leiarar. Og ja, det er vi så til dei grader, men det vil vere enda meir sårbart med ein dårleg leiar i ein stor kommune, og det er dei same rekrutteringsfirma som bistår politikarar i tilsettingsprosessar. Så det meiner eg ikkje er noko argument.

Eg skulle ønskje at vindane frå sentralt hald blåse mot å legge til rette for kommunar på vår storleik.

Men sånn er det ikkje. I overskodeleg framtid, anten regjeringsmakt er dominert av blått-blått eller ulike nyansar i raudt, så er det ei grunnleggande tru på at stort er godt.

Lokal identitet

Mitt første poeng, Lars Olav (Bergsvåg, red. merknad), er at då må sentrale styresmakter ha vilje til å ta konsekvensen av dette synet og denne tenkinga. Det passer ikkje med den norske folkesjela å oppløyse lokalsamfunn og bygge ned identitetsmarkørar gjennom folkerøystingar. Å sitje i Oslo å tru at dette skal skje, er i beste fall naivt. Det som no skjer er at kommunar som Etne får reduserte overføringar og dermed blir sultefôra økonomisk, som konsekvens av at vi stemte imot kommunesamanslåinga (eg stemte for, for å ha sagt det). Problemet er jo at denne sultefôringa berre vil styrke identitet og samhald lokalt, sjølv om lokale politikarar får ei enda meir krevjande oppgåve med å prioritere mellom aukande krav og reduserte ressursar. (Det er imponerande at nokon stiller til val, når dette er det realistiske scenarioet. La oss hugse det når vi som innbyggjarar vil ha stadig meir. Lokalpolitikarane er gitt eit reknestykke som ikkje går opp. Vi har vore med å setje opp reknestykket, gjennom folkeavstemming om kommunesamanslåing).

Når den lokale identiteten blir styrkt, blir det enno vanskelegare å gjennomføre kommunesamanslåing gjennom folkeavstemming. Konklusjonen min er difor klar: Så lenge vi vel politikarar sentralt som meiner at stort er godt, så må sentrale politikarane bruke makta dei har fått til å slå saman kommunar med makt, slik at vi får så store einingar som dei meiner er nødvendig for anstendige overføringar.

Og her er mitt poeng nummer to: Då er ikkje ei samanslåing av Vindafjord og Etne, frå om lag 4.200 og 8.500 innbyggjarar til nesten 13.000 innbyggjarar nok. Skal ein få eit resultat må Tysvær (og Bokn) vere med slik at vi nærmar oss 25.000 innbyggjarar. Først då, så langt eg kan skjøne, får vi ein reell forskjell frå dagens situasjon.

Nokon har sagt at samanslåing av Etne og Vindafjord er eit steg på vegen, mot noko enda større. Då seier eg: Eg hadde jobba både i gamle Vindafjord og i Ølen rett før samanslåinga av desse kommunane. Eg var med på å bruke mykje dyr kommunal arbeidstid på møte og prosessar fram mot ny kommune. Eg trur ikkje det vi kom fram til i desse møta vart brukt noko særleg i det heile. Slik eg oppfatta det, tok det fleire år før det kom ein reell innsparingseffekt av samanslåinga. Og det var ei samanslåing som reint geografisk var heilt opplagt og som eg no trur ikkje mange ville reversere. Men vi har ikkje råd til å bruke så mange ressursar på kommunesamanslåing kvart tiande år. Skal ein no gjere noko, må det bli gjort skikkeleg.

Rydd opp!

Så mi oppfordring er: Legg ned fylkeskommunen (vi er eit land med 5,5 millionar innbyggjarar og vi har tre og eit halvt administrasjonsnivå). Der går det mykje ressursar og fylkeskommunen har få oppgåver igjen. Rydd så opp i dei statlege regionane og samordne desse oppgåvemessig og geografisk (Las eg at det var ni ulike inndelingar?). Fordel fylkeskommunale oppgåver mellom stat og kommune og gje kommunane oppgåver og ressursar ut i frå kva storleik kommunane blir bestemt å ha.

Ordninga vi har i dag, der kommunar som ikkje oppfører seg (les: ikkje lar seg slå saman til ønska storleik frivillig) blir sultefôra, er skadeleg for lokaldemokratiet. (Og du blir ikkje kvitt eigedomsskatten før det er samsvar mellom kommunale oppgåver og statlege overføringar, Kenneth (Karlsen), red. merknad). Kva for parti hadde finansministeren, sa du?).

Atle Aas, Etne