Politet avskilta trimma moped

Politiet gjennomførte ein trafikkontroll med fokus på mopedar ved Ølen vidaregåande skule tysdag morgon.

Ein førar fekk forenkla førelegg og måtte sjå at skiltet forsvann frå køyretøyet, som følgje av at mopeden var blitt trimma.

Ein annan førar fekk gebyr fordi dekka på køyretøyet var slitte, melder Sør-Vest politidistrikt.