Under Etnir Duggurd fekk gjestene smake lokal gourmetmat. Anne Lillejordet og Torunn Hadland Susort var blant dei som åt ein betre lunsj i teltet.
FOTO: Øystein Silde Frønsdal
Suksess for marknaden
Etnemarknaden vart ein suksess. Mellom 15.000 og 20.000 store og små var innom i løpet av helga.
Blant aktivitetane som trakk folk til Etne laurdag var matarrangementet Etnir Duggur.
— I fjor såg me det var noko gøy som føregjekk inne i matteltet. Me prata om det for nokre dagar sidan, men gløymte ut å bestille. Så datt me oppi det i dag, fortel Anne Lillejordet og Torunn Hadland Susort.
Lillejordet kjem frå Bødalen i Buskerud, medan Susort er ølensbu. Fellesnemnaren deira er at begge har hytte i Nervik på Skåneviksstranda. Laurdag tok dei til turen til Etnemarknaden og det store matteltet. Der føregjekk nemleg Etnir Duggurd, som tyder noko slik som ein betre lunsj i Etne».