Gode tenester nær folk gir ein trygg og forutsigbar kvardag. All eldreomsorg skal vere prega av respekt for brukarane. Målet er at brukarane skal få bu heime lengst mogleg, med godt tilpassa tenester frå det kommunale hjelpeapparatet gjerne inkludert velferdsteknologi. Når det ikkje lenger er mogleg å bu heime skal kommunen ha tilbod om bemanna omsorgsbustader både i Skånevik og Etne, eller når helsetilstanden tilseier det, sjukeheimsplass på nytt og funksjonelt omsorgssenter i Etne. Alle skal vere trygge på at dei får nødvendig og individuelt tilpassa hjelp når helsa sviktar.
Etne Senterparti ønsker å legge til rette for at tilsette innan pleie og omsorg også i tida framover skal vere i stand til å yte tenester av høg kvalitet til innbyggarane i kommunen. For å nå dette målet er tilstrekkeleg grunnbemanning og fagfolk med høg kompetanse ein føresetnad. Etter at samhandlingsreforma blei sett i verk, skal mykje av behandlingsopplegget som tidlegare blei gjennomført på sjukehusa, nå gå føre seg ute i kommunane. For at brukarane av pleie- og omsorgstenestene skal få den trygge og forsvarlege helsehjelpa dei har krav på anten det er på omsorgssentera eller i heimetenesta, er kommunen avhengig av å ha tilstrekkeleg og godt utdanna fagpersonar. For å imøtekomme desse krava vil Etne Sp jobbe for å styrke rekrutteringa av fagfolk, legge til rette for at tilsette kan ta fagbrev og vidareutdanning og jobbe for at kommunen til ei kvar tid har nok lærlingar. Sp ser på som svært viktig at tilsette innan helse og omsorg får tilbod om kompetanseheving for å møte framtidige utfordringar.
Etne kommune har ein god og velfungerande frivilligsentral. Dei mange frivillige som stiller opp for sentralen er ein stor ressurs som må takast godt vare på. Dei stiller opp som turvenner, følgje til sjukehus, bingo og mykje meir. For oss i Sp er det svært viktig å oppretthalda og også styrke aktivitetstilbodet gjennom Frivilligsentralen. Dette kan gi fleire gevinstar, som blant anna mindre einsemd hos den som får ein besøksvenn, avlastning for slitne pårørande, og fysisk aktivitet for dei som deltek på sittedans og andre aktivitetar.
Den siste tida har det vore ein del fokus på bruken av til dels små deltidsstillingar innan helsesektoren. Etne Sp vil jobbe for å få redusert ufrivillig deltid. Store stillingar gir betre kvalitet på tenestene, gir tilsette ei lønn dei kan leve av og er eit viktig rekrutteringstiltak.
Liv Kaldheim
Etne Senterparti, 4. kandidat