Val 2019
Ungdommen vil ha tunnel
Politikarane var budde på å snakke om vindmøller og kommunesamanslåing då dei kom til Skånevik. Men 10. klassingen Emelie Egberg vil heller snakke om tunnel.
Om lag 120 personar, om lag kvar åttande innbyggjar (!) i Skånevik, møtte opp for å høyre listetoppane til haustens val debattere lokalpolitikk idrettshallen tysdag kveld. På førehand var det vindmøller, kommunesamanslåing og det offentlege tilbodet til unge og eldre i bygda som var mest venta som tema. Men på fremste rad sat det 10. klassingar frå Skånevik ungdomsskule.
Ein av dei, Emilie Egberg tok tidleg ordet.
— Kan de tenkja dykk å snakke meir om tunnel mellom Etne og Skånevik? spurte ho.