Barna koste seg på idrettsstemnet og gav under 60-meteren.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Barna koste seg på idrettsstemnet og gav under 60-meteren.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
6 år gamle Peder Lygre frå Skånevik fekk prøva seg på lengde.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Bianca Gordon Sandvik (7) frå Skånevik fekk fart på kula.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
4 år gamle Sivert Stave Wigene, mor Susanne Wigene og Otelie Stave Wigene hadde tatt turen frå Haugesund for å delta på stemnet.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Kø i innsjekkingsområdet.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Atle Rosseland (t.v.), Øyvind Eljarvik og Gisle Sellevold klokka inn løparane.

Full fart og sprudlande idrettsglede

Innsatsen mangla ikkje verken under løpskonkurransen, lengdehoppet eller kulestøytingtevlinga då små og store samla seg til friidrettsstemne på Skånevik stadion.

Publisert Sist oppdatert

Klokka tikkar sakte mot middagstid laurdag føremiddag og dei siste førebuingane til idrettsstemnet på idrettsbanen i Skånevik er i ferd med å koma på plass. Høgtalarutstyret er testa og godkjent, og deltakarlistene ligg klar på bordet. Startskotet til dagens første 60 meter er sett til klokka eitt, men med ei stadig vaksande kø i innsjekkingsområdet må dei løpsklare barna i første pulje smørja seg med litt ekstra tolmod før dei kan setja av garde. Etter ein litt forseinka start kan endeleg initiativtakar og leiar i IF Klypetussen, Gisle Sellevold, gripa mikrofonen og erklæra stemnet for ope.

— Nå trur eg klokka er akkurat passe, så nå går løpet for dei minste, seier Sellevold og finn fram stoppeklokka.

Saman med tre gode medhjelparar skal han ta seg av tidtakinga, og så snart tidtakargjengen har diskutert seg ferdig og funne sine rette plasseringar bak målstreken kan startskotet gå.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS