Breitt samarbeid I Rogaland-politikken. Frå venstre Kjartan Alexander Lunde (V), påtroppande fylkesordførar Marianne Chesak (Ap), påtroppande leiar av samferdselsutvalet Alexander Rügert-Raustein (MDG), påtroppande leiar av opplæringsutvalet Solveig Ege Tengesdal (KrF), og påtroppande fylkesvaraordførar Arne Bergsvåg (Sp).
Foto: Daniel Rayner
Han blir fylkesvaraordførar
Vindafjordingen Arne Bergsvåg (61) blir fylkesvaraordførar i Rogaland.
Den politiske kabalen blei torsdag avgjort etter fylkestingsvalet i Rogaland. Det resulterte i ein samarbeidsavtale over fire år mellom Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Kristelig Folkeparti, Miljøpartiet de grønne og Venstre.
Avtalen som sikra Bergsvåg det nest høgaste politiske vervet i Rogaland fylkeskommune, kom dagen etter at det blei klart at søstera, Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) blir ny ordførar i Etne og broren, Lars Olav (H) plass i formannskapet i Etne formannskap.
61-åringen har lang fartstid frå lokalpolitikken heime i Vindafjord der han var ordførar i fleire periodar, eit verv han også hadde i Ølen kommune før samanslåinga med Vindafjord. I 2003 gjekk han inn i fylkestinget, samstundes som har heldt fram i lokalpolitikken.