Ole Johan Vierdal har fått spørsmålet frå nominasjonskomiteen i Vindafjord Senterparti, og seier ja til å bli ordførarkandidat. Gruppeleiar for opposisjonspartiet Høgre, Modolf Haraldseid til høgre, vil også vere med vidare. Her etter valet i 2019 der Høgre var nest største partiet etter eit dominerande Sp. Foto: Jon Edvardsen
Truleg kjem Ole Johan Vierdal (f.v.) enten til å halde fram som ordførar, eller blir byta ut med Modolf Haraldseid. Arkivfoto: Jon Edvardsen

Høgre gjorde eit hopp

Modolf Haraldseid (H) er overvelda over framgangen for partiet, men Senterpartiet har framleis kontroll over kommuneskuta.

Ole Johan Vierdal må slikke såra med ein like stor tilbakegang som Høgre har framgang, 6,6 prosentpoeng. Med 33,4 prosent opplsutning har Sp tapt 40-talet igjen.

Høgre har gjort eit hopp til 18,7 prosent, og går opp frå 3 til 5 representantar i kommunestyret.

— Dette var veldig mykje betre enn venta, og vi skal gjere alt for å få politisk påverknad for dei som har stemt på oss, seier ordførarkandidat Modolf Haraldseid (H).

Han lukkar ingen dører, heller ikkje for samarbeid med Sp.

(Artikkelen held fram under grafikken)

Vindafjord — kommuneval 2019 – oppslutning og endring frå 2015

Senterpartiet i god posisjon

Trass i den store tilbakegangen taper ikkje Sp meir enn eitt mandat og får 9 representantar. KrF er inne med 3 som sist, og samarbeidet med Sp vil truleg fortsette. Dermed manglar Vierdal berre eitt mandat for å ha fleirtal i Vindafjord.

Vierdal hadde ingen grunn til å juble valkvelden, men han viser til at Sp er det største partiet i fleire bygder og taper trass alt berre ein representant i kommunestyret.

Ikkje skuffa

— Nei, eg kan ikkje vere skuffa, det er folket som har tala. Resultatet sist vart uvanleg godt. Høgre har gjort ei god valkamp, ser det ut til, seier Vierdal.

— Ingenting er klart før avtalen er signert og vi må ha andre parti med oss, seier han.

Høgre vart størst i Skjold, og KrF dominerer i Ølensvåg. Ap tok ein knapp siger i Ølen, medan Sp har kontrollen i Imsland, Vikedal, Sandeid og Vats.