Hytte brann ned

Ei hytte i Skotavikvegen på Skånevikstranda brann ned til grunnen natt til sundag. Naudetatane blei varsla i sekstida, og då dei kom fram til staden, hadde hytta brunne ned. På dette tidspunktet var det uvisst om det var folk i hytta. Politiet kom seinare i kontakt med eigar, som kunne stadfesta at hytta ikkje hadde vore i bruk denne helga. Politiet var sundag i gang med etterforskinga for å finna ei årsak til brannen, melder Sør-Vest politidistrikt. Skotavikvegen ligg på Sandvik, midt mellom Etne og Skånevik, i eit større hyttefelt.