To køyretøy braka saman på toppen av Madsgårdsbakken i Etne søndag.

Foto: Øystein Birkenes
To køyretøy braka saman på toppen av Madsgårdsbakken i Etne søndag. Foto: Øystein BirkenesBilde 1 av 2
Foto: Øystein Birkenes
Foto: Øystein BirkenesBilde 2 av 2

Kraftig kollisjon i Etne

Rundt to-tida søndag ettermiddag braka ein traktor med tilhengar og ein Audi personbil saman på toppen av Madsgårdsbakken på E134, rett vest for Etne sentrum.

— Eg høyrte lyden av motoren til traktoren og så høyrte eg eit vanvittig smell, fortel Rune Håland, nabo til ulykkesstaden.

Audien var på veg opp bakken, medan traktoren var på veg ned. Det var store materielle skader på køyretøya å spore, men det var ikkje meldt om personskadar, kunne politiet på ulykkesstaden fortelje.

Like fullt var ambulanse raskt framme. Dei involverte køyretøya låg igjen i vegbanen, og brannvesenet dirigerte køyring på eitt felt. Noko kø i begge retningar kan påreknast så lenge denne situasjonen held fram.