Ei glad Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) på tinghuset i Etne etter at veljarane hadde gitt partiet 38,4 prosent av røystene. Foto: Irene Mæland Haraldsen

Ho blir truleg ny ordførar i Etne

Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) kan jubla etter tidenes Sp-val i Etne.

Sp har fått 38,4 prosent av stemmene i Etne kommune. Det gir 7 mandat, eitt meir enn ved førre val trass i at kommunestyret er redusert med fire mandat.

Det betyr at Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim ligg an til å bli ny ordførar i Etne.

Jubel er det også i Frp der Kenneth Karlsen har gjort eit svært godt val. Partiet fekk 23,6 prosent av røystene og er nest største parti, og greier å behalda dei fire mandata. Det er spesielt i Skånevik kor Karlsen bur og jobbar, at framgangen kjem. Med over 50 prosent oppslutning, kan Skånevik kallast Frp-bygda.

Den store taparen i Etne er Ap med sitjande ordførar, Siri Klokkerstuen som toppkandidat. Partiet får 13,7 prosent og mister tre mandat.

Også Høgre gjer eit dårleg val og får 7,6 prosent. Det gir to færre mandat enn i dag. Faktisk har KrF passert Høgre, etter å fått 10,1 prosent. Det gir to mandat, som i dag.

Venstre som låg i faresona for å komma inn i kommunestyret, har greitt eitt mandat etter å ha fått 5,0 prosent av røystene.

Etne Raudt kom ikkje inn i kommunestyret i sitt første forsøk i Etne. Partiet fekk berre 1,7 prosent.

Jubel

Det var ei jublande glad Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim som kommenterte resultatet til Grannar like etter at resultatet førelåg.

— Me er kjempeglade for å få eit slikt resultat, med ein så stor framgang frå førre val. Kanskje eit av dei beste vala Sp har gjort i Etne nokon gong. Me har nok fått hjelp av framgangen partiet har opplevd i landet den siste tida, seier ho.

Bergsvåg Ekrheim vil ikkje utropa seg til ny ordførar på valkvelden, men legg ikkje skjul på at Sp nå er i posisjon til å få toppvervet. Nå står sonderingar for tur, noko det ikkje var tid til på valkvelden.

Partiet treng berre støtte av to mandat for å ha fleirtal i kommunestyret.