Frå sundag måtte også elbilane betale i bommen ved Hodnafjellet og i resten av bommane til Haugalandspakken. Det skal gi mellom 12 og 14 millionar kroner i meirinntekter til vegbygging.FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Frå sundag måtte også elbilane betale i bommen ved Hodnafjellet og i resten av bommane til Haugalandspakken. Det skal gi mellom 12 og 14 millionar kroner i meirinntekter til vegbygging.
Geir Molland dagpendlar mellom Etne og Haugesund, og angrar ikkje på at han i fjor bytta ut dieselbil med elbil. — Eg har spart mange penger allereie, slår han fast.ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Elbil-eigar Geir Asbjørn Molland har forståing for at staten ikkje kan sjå at ein stadig større del av bilparken køyrer gratis gjennom bomstasjonane.

No blir det dyrare å vere elbil-pendlar

Fram til no har elbil-eigarar kunna køyrd gratis gjennom bompengestasjonane til Haugalandspakken. No må også dei punge ut, men berre halvparten av dei andre.

Publisert Sist oppdatert

Frå sundag 1. september blei det innført betaling også for elbilar i Haugalandspakken. Dette er i tråd med tidlegare politisk vedtak i fylkeskommunane og kommunane. Etter at fritaket for nullutsleppskøyretøy vart fjerna av Stortinget i fjor, har desse fått høve til å krevje elbilar for inntil 50 prosent av taksten for vanleg bil.

I dag kostar det 11 kroner for ein vanleg personbil utan Autopass-brikke å passere ein bom i Haugalandspakken, 8,80 kroner med brikke. Det er tidlegare gjort vedtak om å doble takstane, men dette er enno ikkje godkjent sentralt. Når det skjer vil altså dei som køyrer vanleg bil betale 22 kroner utan brikke, 16,60 med brikke, mens el-bilistane må ut med 8,80 per passering.

Takstane kan bli dobla

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS