Håvard Nordtveit frå Vats spel heile kampen då Noreg slo Malta 2-0 i EM-kvaifiseringskamp.
ARKIVFOTO
Håvard Nordtveit frå Vats spel heile kampen då Noreg slo Malta 2-0 i EM-kvaifiseringskamp. ARKIVFOTO

Nordtveit-innkast blei avgjerande

Vatsbuen Håvard Nordtveit var sterkt involvert i båe skåringane då det norske fotballandslaget slo Malta 2-0 i EM-kvalifiseringskampen på Ullevål torsdag kveld. Noreg var storfavoritt og dominerte heile kampen mot eit lag som la seg i forsvar.

To lange innkast frå vindafjordingen var utgangspunktet for dei norske måla. Sander Berge førte heimelaget opp i leiinga med ei flott heading. Noko seinare fekk Noreg straffe som Joshua King sette sikkert i mål.

Båe skåringane kom i første omgang. Etter sidebytte fortsette den norske dominansen, men utan fleire nettkjenningar. Søndag drar landslaget til Sverige der ein svært avgjerande kamp om plass i neste EM, skal spelast.