Ny slektning kom syklande
Karin Mesecke Koltveit (77) i Vats fekk eit slektsbesøk litt utanom det vanlege, av tyske Klaus Stimpfle. Han hadde sykla heilt frå sørlegaste Europa til Knapphus, via Nordkapp.
— Eg har hatt denne ideen i over 40 år. Ein gong, lenge før jarnteppet fall i Europa, tenkte eg og nokre venner at me skulle sykle Europa frå vest til aust. Det blei vanskeleg på grunn av dei politiske forholda. Etter det begynte ideen om å heller sykle sør til nord å ta form, forklarer Klaus Stimpfle, som til vanleg bur og jobbar i Ravensburg i Sør-Tyskland.
Dette målet har tatt si tid å realisere, og det har også tatt tid for dei to slektningane å treffe kvarandre. Det skjedde ikkje før nå i september, då Klaus kom kystvegen sørover etter å ha nådd målet sitt på Nordkapp.
— Det er snakk om at me kanskje hadde eit veldig kort møte i Tyskland ein gong på 80- eller 90-talet, men eg er nå ikkje så sikker på det. Det er svært hyggeleg å treffast skikkeleg nå, i alle fall, seier Karin Mesecke Koltveit om sin syklande gjest.