Til legevakta etter utforkøyring

To unge personar blei fredag kveld tatt med til legevakt for sjekk av nakkeskadar etter ei trafikkulykke i Sandeid. Bilen dei sat i hamna utfor vegen. Trafikkuhellet blei meldt rundt kl. 21.45. Ifølgje politiet har førar forklart at han mista kontrollen på bilen etter å ha svinga unna eit ekorn i vegen. Bakparten av bilen skrensa i ein fjellveg då bilen køyrde ut av vegen, melder Sør-Vest politidistrikt