Senterpartiet støtta rådmannen sitt forslag i formannskapet, men i kommunestyret ville partiet ha meir kunnskap før det seier noko om planen. Pluss at Sp meiner kommunen skal ha siste ordet dersom det skal bli ja til vindkraft.
Senterpartiet gjekk dermed vekk for den klare støtta til rådmannen sitt forslag som fekk fleirtal i formannskapet.
Den nasjonal ramma for vindkraft som Norges vassdrags- og energidirektorat har laga, fekk dermed nei i Vindafjord. Planen opna for vindkraft i store delar av fjella i Vindafjord.
Venstre delt
Fellesforslaget frå SV, Ap, BBL, H, Frp og KrF om å vende tommelen ned for vindkraft vart vedtatt med 14 mot 10 stemmer.
Mindretalet bestod av Senterpartiet og Lars Dalen frå Venstre. Rune Hetland (V) har derimot snudd frå formannskapet og sa nei til vindkraft i dag. Han viste til stort engasjement ute blant folk med motstand mot vindkraft, og det ville han lytte til.
Steinar Skartland (KrF) presenterte fellesforslaget frå dei seks partia der det også var tvil om standpunktet, spesielt hos Modolf Haraldseid (H).
Engasjert debatt
Det var ein engasjert debatt i kommunestyret for begge synspunkt. Arne Bergsvåg (Sp) var den einaste i Sp som stemte for rådmannen sitt forslag, men også Anders Haugland (Sp) signaliserte at det var det primære standpunktet.
Rådmannen tilrådde å ta heile området frå fylkesveg 514 mellom Sandeid og Ølen og innover mot Etne, Sauda og Suldal ut av planen, men opne for søknader i fjella i stort sett resten av Vindafjord.