Steinar Skartland (KrF) trur Vindafjord kommune lek pengar og at det er mogleg å stoppe pengebruk med betre budsjettdisiplin. Målt i kroner er det helse og omsorg som står for brorparten av sprekken.
Arkivfoto: Jon Edvardsen
Formidla rykte om sløsing
KrF-politikar Steinar Skartland meiner at kommuneskuta i Vindafjord lek pengar, og kom med ei historie om at sju kommunalt tilsette i sju ulike kommunale bilar kom til oppmåling ved ein av skulane. Det fekk ordføraren til å reagere.
Det skjedde i formannskapet der tertialrapporten til og med august viser at det blir eit underskot i den kommunale drifta på minst 22 millionar kroner, og det er etter at alle ekstra inntekter er brukt samanlikna med det budsjettet politikarane laga før jul i fjor. Det er snakk om 12,5 millionar i ekstra tilførte midlar som hindrar at underskotet blir endå større.
— Vi skal ikkje vidarebringe udokumenterte rykte her, dei finst det nok av der ute, refsa ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) etter at Skartland formidla vidare noko han hadde høyrt på bygda.
Heller ikkje rådmann Ynge Folven hadde sansen for denne type eksempel i offentlege fora, og han oppmoda politikarane om å kome til han dersom det er reaksjonar på korleis kommunen blir driven på og som involverer kommunalt tilsette.