Det var tydeleg populært med søndagskamp i Etne, og omlag 150 tilskodarar fekk med seg ein dramatisk kamp som ikkje vart avgjord før heilt mot slutten.
Etter ein pynteleg start på kampen, tok det heile fyr etter omlag ein halv time. Åsmund Norheim, Etne, pressa Hemmingstad forsvaret, og kom noko seint inn i Dino Brakic, som gjekk ned for telling. Dommaren berre vinka opp spelaren, og spelet fortsette, men Brakic var ikkje ferdig med situasjonen. Han gav dommaren klar beskjed om at han burde hatt frispark, og dommaren viste han det gule kortet for munnbruk. Men Brakic var endå ikkje ferdig, og heldt fram med å skjelle på dommaren, som til slutt måtte fram med det raude kortet.
Mange målsjansar